520 2022 Endringsartikkel 3175

1 Endringsinformasjon

EndringsID 3175
Forslagsdato 23.01.2022
Forslagsstiller Geir Svanø
Klassifisering Kravendring
Bok 520 Underbygning, prosjektering og bygging
Kapittel 9
Avsnitt TRV:02023 of TRV:02019
Forslagstekst Sprengstein og knust stein for frostsikring skal vere av telefarligheitsklasse T1 - ikkje telefarleg. Kriteriet som står i TRV:02023 lyder:

"e) Det skal ikke være mer enn 3 % materiale mindre enn 0,02 mm regnet av materiale under 20 mm." Dette kriteriet er utvikla for naturgrus og er ikkje eigna for knust stein/sprengstein. Dette er fordi at sjølv om den delen av materialet som er mindre enn 20 mm isolert sett er telefarleg så treng ikkje massen som heilheit å vere telefarleg dersom materialet som er mindre enn 20mm ikkje fyller holrommet mellom dei større steinane. Samtidig har vi eit kriterium i TR:02019 på at graderingstalet Cu = d60/d10 skal vere større enn eller lik 15. For knust tein lar dette seg ikkje oppfylle i TRV:02023

SVV har etter studiar av dette oppgradert kriteriet frostsikringsmateriale til for Naturlege lausmassar, knust berg og resirkulerte materialar til eitt sett med krav i kapittel 4.4.1 av ny N200 https://svv-cm-sv-apppublic-prod.azurewebsites.net/product/859924/nb#id-cc26d56b-d0c1-4710-d782-de7cb8bf306e

Forslaget er å oppgradere Bane NORs regelverk tilsvarande.

Referansedokumenter

2 Systemdefinisjon

Endringa gjeld kravet til materiale til frostsikringslaget som er under forsterkingslaget i underbygninga der det blir bygd på grunn som er telefarleg. Gjeldande krav til finstoffinnhald i frostsikring av knust stein eller sprengstein er vanskeleg å oppfylle frå knuseverk og gir ikkje optimal frostsikring for knust stein/sprengstein fordi kriteriet i si tid var utvikla for naturleg grus. Endringa som er foreslått byggjer på utviklingsarbeid hos Statens Vegvesen og vil gjere Bane NORs regelverk meir i samsvar med etablert tilsvarande regelverk hos SVV. Kravendringa gir tilstrekkeleg frostsikring og gir samtidig ei forenkling i anskaffelse av materiale frå knuseverk eller brudd fordi det blir lettare å oppfylle kravet.

3 Vurdering av endringen

3.1 R - pålitelighet


Pålitelig kan bli betra ettersom endringa gir meir funksjonelle krav til materiale til frostsikring

3.2 A - tilgjengelighet

Ikkje relevant, skal ikkje ha tilgang til frostsikringslaget

3.3 M - vedlikeholdbarhet


Ikkje relevant, frostsikringslaget skal ikkje vedlikehaldast

3.4 S - sikkerhet


Påverkar ikkje sikkerhet Eventuell svikt i frostsikringslaget gir ikkje brå endringar eller svikt men gir vedlikehaldsbehov for sporet.

3.5 L - levetid og kapasitet

Ikkje relevant. Materialet i frostsikringslaget er ikkje utsett for mekanisk slitasje.

3.6 Ø - økonomi


Det er kostbart å framstille materiale etter gjeldande krav i TRV utan at det har relevans for funksjonen av frostsikringslaget. Endringa gir derfor kostnadsreduksjon

3.7 K - klima og miljø


Ingen endring


Hjelpetekst: Miljøbelastninger.

Ingen endring

3.8 Oversikt over dokumenter som er relevante for vurderingen av endringen

Det er lagt betydeleg FoUI inn i SVVs utvikling av frostsikring i N200. Denne er derfor ein viktig referanse. https://svv-cm-sv-apppublic-prod.azurewebsites.net/product/859924/nb#id-cc26d56b-d0c1-4710-d782-de7cb8bf306e


Grunnlaget for SVVs krav til knust stein er gitt i SVVs rapport nr 338 "Frostsikring av norske veger : grunnlag for revisjon av håndbok 018 Varige veger 2011 - 2014", som er å finne her:

https://vegvesen.brage.unit.no/vegvesen-xmlui/handle/11250/2659345

3.9 Høringskommentarer

4 Innstilling fra fagansvarlig

4.1 Innstilling

Bok 520 Kapittel 9 Frost avsnitt 3.2.1 og 3.2.2 som gir krav til stein-og-grus-materiale brukt til frostsikring er foreslått skrivne slik:


3.2.1 Sprengstein og knust berg

TRV:02018

Dimensjonering: Dimensjonering av frostsikringslag av sprengstein skal utføres iht. avsnitt 4.6.

3.2.1.1 Materialer

TRV:02019

Graderingstall: Steinmaterialene skal ha et korngraderingstall Cu=d60/d10 ≥ 5

Maskinkult uten sand/grus-fraksjon er uegnet til bruk i frostsikringslaget av frosttekniske årsaker.

TRV:02020

Maksimal steinstørrelse: Største steinlengde for materialene som legges ut skal ikke være større enn 2/3 av lagtykkelsen som legges ut, og ikke overstige 500 mm.


TRV:02021
Redigeringskommentar: TRV:02021 slettast, det er tatt inn som del av TRV:02020

TRV:[xxxxx] Nytt krav:
Knust berg brukt til frostsikring skal være knust i en kontrollert produksjon


TRV:02022
Mengde subus: Det skal ikke forekomme metning med subus slik at steinene "flyter".


Kravet til kornfordeling for sprengstein og knust berg i TRV:02023 følger kravet i N200(2021) for knust berg, unntatt for materiale mindre enn 63 mm (knust grus) hvor det i tillegg sikres at kriteriet for telefarlighetsklasse T1 oppfylles.


TRV:02023

Krav til kornfordeling:

  1. Andelen materiale mindre enn 90 mm skal minst være 30 vekt%..
  2. Andelen finstoff mindre enn 0,063 mm skal minst være 1,0 vekt%, maksimalt 7,0 vekt% regnet i forhold til mengden av materiale mindre enn 90 mm.
  • Unntak: For frostsikringsmaterialer med øvre siktstørrelse (D) mindre enn eller lik 63 mm (knust grus) beregnes andelen finstoff mindre enn 0,063 mm i forhold til materialandelen mindre enn 22,4 mm. Denne finstoffandelen skal minst være 2,0 vekt%, maksimalt 15,0 vekt %. Samtidig skal det ikke være mer enn 3 vekt% materiale mindre enn 0,02 mm regnet av materiale under 22,4 mm.

3.2.1.2 Utførelse og kontroll

TRV:02024
Kontroll: Kontroll skal utføres som for materialer i forsterkningslaget, se Underbygning/Prosjektering_og_bygging/Banelegeme#Kontroll_2.


3.2.2 Sand og naturgrus

NY TRV:[xxxxxx]
Dimensjonering: Dimensjonering av frostsikringslag av grus skal utføres iht. avsnitt 4.5.

TRV:02025
Velgraderte masser: Frostsikringslag av grusmaterialer skal bestå av velgraderte masser fra naturlige grusforekomster.

TRV:02026
Største kornstørrelse: Materialet kan inneholde stein, men maksimal kornstørrelse skal ikke overskride 150 mm.

TRV:02027
Sand: Sand skal generelt ikke benyttes i trauet annet enn som filterlag.

(Redigeringskommentar: Det nye TRV:xxxxx nedanfor er den vesentlegaste endringa av avsnitt 3.2.2)

Ny TRV:xxxxx

Krav til kornfordeling: Det skal ikke være mer enn 3 vekt% materiale mindre enn 0,02 mm regnet av materiale under 22,4 mm.

Utarbeidd av : --Svagei (diskusjon) 3. feb. 2022 kl. 14:40 (CET)

4.2 Diskusjon - bakgrunn for innstilling

Korngraderingstalet er foreslått endra frå Cu=d60/d10 ≥ 15 til Cu=d60/d10 ≥ 5 i samsvar med krav i N200. Cu=d60/d10 ≥ 15 er ikkje praktisk å oppnå saman med øvrige krav.

SVV innførte i 2018 eit nytt kriterium for frostsikringsmateriale basert på erfaring og studiar som gjeld knust stein. Kriteriet lyder slik i N200 av 2018 kap 621.1 :

  • "I frostsikringslag skal største steinlengde for materialene ikke overstige halve lagtykkelsen, og ikke være større enn 500 mm. Andelen materiale mindre enn 90 mm skal minst være 30 %. Andelen finstoff mindre enn 0,063 mm skal minst være 1,0 %, maksimalt 7,0 % regnet i forhold til mengden av materiale mindre enn 90 mm."

Kravet har bakgrunn i at små mengder telefarleg materiale inne i eit skjelett av grovare stein ikkje fører til at massen som heilheit er telefarleg, samtidig er der eit krav til finstoffinnhald som gir evne til isolering mot kuldenedtrenging.

I N200 av 2021 blei det lagt inn eit tillegg for å ta i vare materiale med kornstorleik mindre enn 63 mm:

  • N200(2021): "KRAV 4.58 SKAL GJELDENDE FRA 22.06.2021: For frostsikringsmaterialer med øvre siktstørrelse (D) mindre enn eller lik 63 mm beregnes andelen finstoff mindre enn 0,063 mm i forhold til materialeandelen mindre enn 22,4 mm. Finstoffandelen skal minst være 2,0 %, aksimalt 15,0 %."

Dette tillegget tar i vare at kriteriet av 2018 ikkje eignar seg når heile materialet av knust grus er mindre enn 63 mm, det er nødvendig å spesifisere eit eige krav til maksimalt og minimalt innhald av finstoff for at frostsikringsmaterialet skal isolere.


Det er foreslått å erstatte eksisterande krav i Bane NORs TRV for frostsikringsmateriale av sprengstein og knust stein med kriterier frå N200(2021), men med ein modifikasjon for materiale er mindre enn 63mm frå knust berg . Dette er fordi Bane NOR har som krav i TRV:02015 at alt materiale i frostsona skal vere av telefarligheitsklasse T1 (ikkje telefarleg) medan SVV kan også tillate materiale som er litt telefarleg (T2). For eit frostsikringslag av knust grus ( < 63mm) er det derfor vurdert nødvendig å ta inn eit tilleggskrav til materiale mindre enn 0,02 mm for Bane NOR.

Bane NORs TRV har eit eige avsnitt for frostsikringslag av naturgrus, skilt frå avsnittet om sprengstein/knust stein:
https://trv.banenor.no/wiki/Underbygning/Prosjektering_og_bygging/Frost#Sand_og_grus
Det er foreslått å halde fram med å behandle dei to typane material kvar for seg, men avsnittet for naturgrus innheld ikkje krav til innhald av finstoff.
Det er derfor foreslått å flytte kriteriet i TRV:02023 til avsnittet for frostsikringslag av grus, slik at kriteriet "Det skal ikke være mer enn 3 % materiale mindre enn 0,02 mm regnet av materiale under 20 mm." skal gjelde for grus og ikkje for sprengstein/knust stein.

5 Behandling i godkjenningsrådet

5.1 Trafikk

ok--Erik Borgersen (diskusjon) 3. feb. 2022 kl. 13:09 (CET)

5.2 Prosjekter

ok--Magheg (diskusjon) 3. feb. 2022 kl. 08:40 (CET) OK --Nerbre (diskusjon) 3. feb. 2022 kl. 16:00 (CET) OK--Jse (diskusjon) 3. feb. 2022 kl. 23:34 (CET)

5.3 Infrastruktureier

Ok--Tbr (diskusjon) 3. feb. 2022 kl. 17:52 (CET)

5.4 Teknologi

OK --Christopher Schive (diskusjon) 3. feb. 2022 kl. 20:24 (CET)

5.5 Konklusjon

Endringen gjennomføres/forkastes

Hjelpetekst: Husk å endre kategori til \"Endringsartikler til godkjenning\" når forslaget er klart!